|
Ferienhaus 
eller:
I 2012 har du sjansen til å bli eigar av ein krem-eigedom midt i Fjord-Norge.
Les om feriestaden der du kan slappa av,
lada oppatt batteria dine og få fred i sinnet.
Gode tilbod på Salgside: Klikk
Hyttefeltet med panoramautsikt over Sognefjorden. 
Hyttefeltet ligg i Fresvik i Sogn.
Sjå Google Maps
Telefon, Solalihytter 95223418.
Fresvik ligg ved innløpet til Verdsarv Nærøyfjorden
Ca 15 minutts gangeavstand til småbåthamna, der båtplassar vert å få kjøpt.
Og ti minutts køyretur opp til tur/ski-terrenget på fjellet.
I dag tek det 3 1/2 time med bil til Bergen. Når Vikafjellstunnellen står ferdig vert reisetida redusert med ein time.
Dei beste grunnane til å få seg ein feriebustad i Fresvik er roen og freden her.
Og den ville,vakre naturen som er bakgrunn for det velstelte kulturlandskapet.
På dei neste sidene er/kjem det mykje informasjon om dei sjølveigande tomtene som er til salgs.
Om prosjektet elles, om Fresvik med omland osv.
Men Fresvik og Solali Hyttefelt kan ikkje beskrivast på ein rettferdig måte. Dei må opplevast.
Kom på besøk. Ein dagstur frå og til Bergen er ikkje for mykje.
Vi har og ei lita gjestehytte som f.o.m. juni kan disponerast etter avtale.
www.novasol.no/p/n22052
Vil ein ha det endå meir komfortabelt, kan ein ta inn på FRØYS HUS www.froyshus.no På andre sida av dalen.
|